Institutt for elektroniske systemer

Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk

Institutt for elektroniske systemer

 
Bilete av student som arbeider i antennelaboratoriet

Elektroniske system er noko som me oppfattar som ein del av kvardagen. Me brukar mobiltelefonar, datamaskiner, treningssensorar, navigasjonssystem og dataspel som det mest sjølvsagte i livet. Men utan elektroniske system ville ikkje noko av elektronikken me har omkring oss i kvardagen ha fungert.

Institutt for elektroniske system (IES) underviser i og forskar på korleis me kan utvikla denne teknologien vidare. Både i dag og i framtida legg t.d. avanserte kommunikasjonsløysingar, energisparing og lagringskapasitet grunnlaget for arbeidet instituttet gjer innan fagområde som mikroelektronikk, trådlaus teknologi, navigasjon, signal- og biletprosessering, tale- og musikkteknologi og nanoteknologi./p>

Institutt for elektroniske system er eitt av sju institutt ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk ved NTNU. Instituttet er lokalisert på Gløshaugen i Trondheim og på Gjøvik.

Kontakt oss

Kontakt oss

Thomas Tybell


Professor Thomas Tybell
Instituttleiar


Tilsette
Ledige stillingar
Om oss
Kvar finn du oss


73 59 44 00
kontakt@ies.ntnu.no