logo HMR payoff-01

Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, vernepleiar, helsefaglege studentar m.m.  Ferievikarar Molde, Helse Møre og Romsdal HF



Om stillinga

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Klinikk for psykisk helse og rus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2024. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og studentar innan sjukepleie, psykologi, politi, vernepleie og helse- og sosialfag.

Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 34:

  • Sikkerheitsseksjon B
  • Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde
  • Akutt psykisk helse Hjelset
  • Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal og psykoseening Hjelset

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
Snarast
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Molde
Stillingstittel:
Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, vernepleiar, helsefaglege studentar m.m.
Tilsetjingsform:
Ferievikar
Webcruiter-ID:
4732658931

Kvalifikasjonar

  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg

Seksjonane kan ha ulike krav til kvalifikasjonar. For nærare informasjon, ta kontakt med seksjonsleiar. 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal



Adresse: Molde, 6412 Molde


Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland
Marit Møgedal Stokkeland
Seksjonsleiar, Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal
E-post: Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no
Marit Mork Stenløs
Marit Mork Stenløs
Seksjonsleiar, Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde
E-post: Marit.Mork.Stenlos@helse-mr.no
Aina Herskedal
Aina Herskedal
Seksjonsleiar, Akutt psykisk helse Hjelset
E-post: aina.herskedal@helse-mr.no
Einar Nesje Håndlykken
Einar Nesje Håndlykken
Seksjonsleiar, Sikkerheitsseksjon B
E-post: Einar.Handlykken@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 


Volda sykepleier felles 2