Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Kva gjer du dersom du trur at nokon har sjølvmordstankar?

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

Kristoffer Joner, selvmordskampanje. Foto.

Er du bekymra for nokon, så sei det til vedkommande på ein konkret og tydeleg måte. Trur du han eller ho kanskje har sjølvmordstankar, bør du spørje direkte om det. Spørsmålet ditt kan redde liv.

 


Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

Fareteikn kan vere at den det gjeld

  • verkar tristare og endrar oppførsel
  • kjenner seg verdilaus
  • opplever å vere ei byrde for andre
  • snakkar om at livet ikkje er verdt å leve
  • manglar håp for framtida
  • er uvanleg oppteken av døden
  • brått fokuserer på økonomiske plikter som testament, forsikringar og lån
  • bruker meir alkohol, medisinar eller narkotika enn før
  • oppfører seg annleis enn før

Ikkje ver redd for å spørje

Det kan vere skummelt og ubehageleg, men det er ikkje farleg. Det er ikkje noko som underbyggjer at det er farleg å snakke om sjølvmordstankar, eller at det kan forsterke tanken om sjølvmord. Det er ein myte.

Spør direkte

Prøv å vere direkte og tydeleg utan å klandre eller dømme. Vis at du bryr deg. Ikkje ver redd for å seie noko feil, og prøv å lytte meir enn du snakkar.

 

Her er nokre forslag til korleis du kan formulere deg:

  • Du seier du er lei av alt. Er det sånn at du har tenkt å ta livet ditt?
  • Tenkjer du på sjølvmord av og til?
  • Eg er bekymra for deg, det verkar som om du har det veldig vanskeleg. Er det så ille at du har tenkt tanken på å ta livet ditt?
  • Eg seier dette fordi eg bryr meg om deg – har du tankar om sjølvmord?

Lytt og ver open

Å lytte, tore å snakke og vise støtte verkar beskyttande. Menneske med sjølvmordstankar kan ofte sjå på seg sjølve som ei byrde for andre og deler ikkje tankane sine med nokon. At andre høyrer og ser desse menneska kan redde liv.

Søk hjelp

Prøv å få eit inntrykk av kor akutt situasjonen er, og om du bør kontakte legevakt eller fastlege.

Dersom nokon fortel deg om sjølvmordstankar, skal du ta det alvorleg. Det viktigaste er at du lyttar, forstår og medverkar til å finne rett hjelp.

Lytt

La personen få dele tankane sine med deg utan å avbryte for mykje. Å lytte er det aller viktigaste. At nokon vel å fortelje deg dette, er ei tillitserklæring, sjølv om det kan vere vondt å høyre på.

Ver støttande
Den som er i denne situasjonen er sårbar og føler seg ofte einsam og fortvila. Det er derfor viktig at du ikkje er dømmande, men viser tolmod og støtte.

Forstå

Gi uttrykk for at du forstår situasjonen og smerten, men ikkje at sjølvmord er ei løysing.

Søk hjelp

Prøv å få eit inntrykk av kor akutt situasjonen er, og om legevakt eller fastlege bør vere det første steget. Trur du det er overhengande fare for at personen vil skade seg eller ta livet sitt, skal du ringje 113.

Naudetaten er godt rusta til å hjelpe i ein slik situasjon, og dei kan òg hjelpe til med å finne ut kor alvorleg situasjonen er. Dette bør du gjere sjølv om den det gjeld, ikkje vil det. Forklar at du ikkje vil at han eller ho skal døy, og ikkje gå før profesjonell hjelp når fram.

Du kan vere med og finne hjelp til den det gjeld. Det kan vere fastlegen, ein psykolog eller psykiater eller til dømes helsesøster. Du kan tilby deg å følgje eller foreslå ein annan som kan følgje han eller henne til den første timen.

  • Fastlegen har informasjon om ulike lavterskeltilbod der du bur og kan sende tilvising til psykolog eller anna behandling i kommunen eller i spesialisthelsetenesta
  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
  • Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • helsenorge.no - hjelp ved sjølvmordstankar

Sosiale media er ein naturleg og integrert del av livet til dei fleste barn og unge i Noreg. Barn og unge kommuniserer også mykje seg imellom på internett om både det som er bra og det som er vanskeleg. NSSF har omsett og tilpassa rettleiaren #chatsafe, som inneheld tips og verktøy for korleis unge kan snakke om sjølvmord på ein trygg måte på internett.

#chatsafe



Snakk om sjølvmordstankar – hovudsida for denne kampanjen

eMeistring

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon. Du treng tilvising frå fastlegen for å ta del i behandlinga.
Les meir
behandling via internett

Digitale sjølvhjelpsverktøy

Digitale sjølvhjelpsverktøy kan hjelpe deg å meistre psykiske plager som stress, uro og milde og moderate depresjonar. Verktøya er gratis, godkjende av norske fagmiljø og har gjennomgått ei sikkerheits- og personvernvurdering.
Les meir
hand som tastar på mobilen
Sist oppdatert 03.12.2020