Debatt Kjetil Tvedt

Opptaksutvalet: Fagskule bør erstatte repetisjon av vidaregåande

Fagskulane vil med praktisk pedagogikk kunne gi ein alternativ inngang til faga som for mange gjer det enklare å lære, skriv Kjetil Tvedt.

Noreg er blant dei landa som har dei eldste studentane i Europa, og hadde i 2021 nesten eit heilt årskull med privatistar som tok opp fag på VGS, skriv Kjetil Tvedt.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

50 000 elevar tok opp igjen VGS-fag i 2021, for å forbetre karakterane for opptak til universitet og høgskule. For å sette det i perspektiv ble det født 56 500 same år. Eit nytt opptakssystem kan redusere studietida med minst eitt år (!) for mange av desse, og samtidig gi kortare veg ut i arbeidslivet ved at fleire tek fagskuleutdanning.

Med skyhøge inntakskrav gir dette meining for den enkelte, men sett frå arbeidslivet sitt kompetansebehov er repetisjon av pensum på VGS lite relevant. Norsk Industri vil heller ha ei ordning der ein lærer noko nyttig, samtidig som ein blir kvalifisert for opptak til universitet og høgskular (UH). Ideen er då at det blir opna for, og lagt til rette for, at fagskular kan tilby praktisk undervisning i til dømes norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og historie. Desse faga kan i dag gi generell studiekompetanse dersom ein har fylt 23 år og har 5 års erfaring.

Målgruppa dette gjeld har gått 13 år på skule utan at ein lukkast med å få ønska resultat til slutt. Då er det ikkje nødvendigvis slik at ein treng ein repetisjon. Vi foreslår difor å bruke fagskulane som gir ny pedagogikk, nye arbeidsrutinar og er ein utdanningsinstitusjon for vaksne.

Fagskulane vil med praktisk pedagogikk kunne gi ein alternativ inngang til faga som for mange gjer det enklare å lære. Ein underviser i praktiske oppgåver henta frå arbeidslivet. Dette kan skje til dømes i laboratorium, utandørs, gjennom reparasjon, programmering og andre praktiske tilnærmingar. Praktiske kan her bety oppgåver som må løysast med digitale verktøy.

Vi meiner vidare at ein bør teste ut heiltidsstudiar som til dømes er kl 07-15, med «leksefri» og ikkje krav om at ein treng å lese eller arbeide med fag på eigahand ut over dette, med unntak for eksamensførebuing. Det kan vidare vere obligatorisk oppmøte som i arbeidslivet elles.

Fem grunnar for fagskule

1. For at faget skal bli relevant for arbeidslivet kan ein gjennom arbeidslivets partar kartlegge kva som er etterspurt. Ein kan til dømes sjå for seg at ein tar 10 studiepoeng praktisk matematikk, der ein lærer gjennom å bruke Excel, og at ein får praktiske oppgåver som må løysast med matematikken frå VGS. Vidare kan ein sjå for seg at ein i norsk- og engelskfaget løyser praktiske kommunikasjonsoppgåver frå arbeidslivet.

2. Utdanningane i Noreg er organisert gjennom Nasjonalt Kvalifikasjonsrammeverk Vårt forslag er at karakterar frå fagskule (NKR-nivå 5) kan erstatte fag frå VGS (NKR-nivå 4) i opptak til UH (NKR-nivå 6) med karakterskalaen A=6, B=5, C=4, D=3, E=2, F=1.

3. Å starte ei utdanning ved ein fagskule kan både være kvalifiserande for UH-studiar, samtidig som det er ei svært etterspurt utdanning av næringslivet, som NHO sitt kompetansebarometer i ei årrekke har vist. Fagskulane kan lage ordningar der dei praktiske faga kan inngå i ein fagskulegrad på 60 studiepoeng eller 120 studiepoeng, og vegen ut i jobb kan då bli kort for dei som ynskjer det.

4. Dersom ein tek ein høgare fagskulegrad på 120 studiepoeng (to år på fulltid) kan dette gi 60 studiepoeng avkorting av ingeniørutdanning. Norsk Industri meiner at til dømes 10 studiepoeng med praktisk matematikk (NKR-nivå 5) må gi avkorting på 5 studiepoeng ved universitet og høgskule (NKR-nivå 6). Fagskular, høgskular og universitet må då påleggjast å koordinere det faglege innhaldet.

5. Fagutdanna som vil ta ingeniørutdanning treng i dag forkurs som gir studiekompetanse på VGS-nivå. Desse bør i staden få eit tilbod frå fagskulane om praktisk utdanning i nødvendige fag. Forkurset vil då bygge på fagbrev og praktisk erfaring, noko som vil gi meir relevant læringsutbytte, og praktisk undervisning i forkurs vil og være betre tilpassa målgruppa enn dagens undervisning som bygger på studiespesialisering på vidaregåande. Forkurset kan, etter fagleg vurdering, gi avkorting i studieløpet for teknikarutdanning ved fagskule og for ingeniørutdanning.

Noreg er blant dei landa som har dei eldste studentane i Europa, og hadde i 2021 nesten eit heilt årskull med privatistar som tok opp fag på VGS. Fagskuleutdanning er kortare (eitt eller to år) enn universitets- og høgskuleutdanning, og svært etterspurt i arbeidslivet. Med endringane vi foreslår vil lærevillige unge komme raskt i gang med utdanning, og samtidig få mulighet til å ta ei etterspurt fagskuleutdanning.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play
Powered by Labrador CMS