Kenneth Sjøvold har delt denne artikkelen med deg.

Kenneth Sjøvold har delt denne artikkelen

Bli abonnent

I Bergen er bussrutene redusert fordi dei ikkje har nok sjåførar. Ifølge NHO er dette eit nasjonalt problem. Bussjåfør Rauf Hussain peiker på ein stressande arbeidskvardag.

Nasjonal bussjå­før­mangel

LENGE IGJEN: Bussjåfør Rauf Hussain er snart i pensjonsalder, men seier at han vil halde fram i jobben så lenge han kan. Det er gode nyheiter for alle som er avhengig av å reise med buss i Oslo.

Bussjåfør Rauf Hussain har passert 60 år. Det har han til felles med nesten ein tredjedel av kollegaene sine.

I 2017 sa NHO at vi treng 1000 nye sjåførar i året fram mot 2030. Då var det rekna inn eit forventa auka passasjervolum, høg snittalder hos sjåførane og eit politisk mål om at fleire skal reise kollektivt.

Næringspolitisk sjef i NHO Transport, Jofri Lunde, ser ingen teikn på at det behovet har endra seg, tvert imot.

– Det vi får av tilbakemeldingar frå våre medlemsbedrifter, er at det er stort rekrutteringsbehov, seier ho.

Mann med godt humør

Rauf Hussain har jobba som bussjåfør halve livet, men det var ganske tilfeldig at han enda opp i bransjen. Etter at dei store daglegvarekjedene gjorde sitt inntog på 90-talet, blei Hussain tvinga til å selje butikken han dreiv i Oslo.

Mens han gjekk arbeids­ledig blei han tipsa om å bli sjåfør. Samtidig blei han frårådd å køyre buss. Han var for liten. Dermed var det gjort. Hussain bestemte seg for å ta busslappen, og såg seg aldri tilbake. Han synest arbeidsmiljøet er det beste med jobben.

– Eg liker å vere sosial. Viss du har ein sosial arbeidsplass, då liker du å gå på jobb. Vi har eit veldig bra sosialt miljø.

Millionunderskot i vest

Det er stor mangel på bussjåførar over heile landet. Kollektivselskapet i Vestland, Skyss, har redusert tilbodet i sommarrutene sine i Bergen, på grunn av mangel på buss- og bybanesjåførar.

Tide Buss AS, operatørselskapet som drifter dei fleste bussrutene i Vestland, gjekk med eit dundrande underskot på 77,5 millionar kroner i 2022. I årsrapporten deira står det at dei manglar heile 150 bussjåførar, noko som har medverka til det store underskotet.

«Det stramme arbeidsmarkedet har resultert i at konsernet for 2022 har hatt store ekstra kostnader knyttet til overtidsforbruk, men manglende bemanning har også hatt følgeeffekter utover dette, som blant annet innstilte avganger.», står det i rapporten.

– Alle bedriftene har veldig høgt sjukefråvær. Då må vi finne ei løysing på korleis vi kan få sjukefråværet ned, men det er ingen som har svar på korleis ein skal gjere det, seier Hussain.

Han peiker også på at det er vanskeleg å ha gode rutinar for mat og søvn når du jobbar skift.

– Alle bussjåførar har stor mage. Etter tre–fire år får du stor mage, seier han.

Buss på anbod

Hussein har sett store endringar i yrket gjennom årene, både på godt og vondt.

– Då eg begynte i 1996 hadde vi meir tid på oss. Reguleringstid og alt. No går det rundt heile tida. Skifta blir tett i tett og du får ikkje tid til å gå på do.

Reguleringstid er ein margin som er lagt inn mellom ei rute er ferdig og den neste ruta begynner. Det er for å forhindre forseinkingar, samtidig som sjåføren får ein pustepause. Hussain meiner at anbodsmodellen har lagt større press på sjåførane.

– Når låge anbod vinn, påverkar det sjåførane. Måten bedriftene skal spare inn pengar på er minutta. Då tar dei eit minutt der og eit minutt der. Du merkar det ikkje før du er ute og køyrer.

I dag er tilnærma heile busstilbodet i Noreg på anbod. Det betyr at selskap som Skyss og Ruter, der du kjøper bussbilletten din, ikkje har nokon tilsette bussjåførar. Sjåførane er tilsette i ulike operatørselskap som driftar busstilbodet sonene dei har vunne anbod for.

På den positive sida har lønna blitt betre med åra. I år hadde bussjåførane eit historisk godt oppgjer. Timelønna auka med 13 kroner i timen. No er grunnlønn for ein faglært bussjåfør mellom 444.000 og 508.000 kr i året, avhengig av ansiennitet.

– Viss du tenker på forskjellen frå 27 år sidan til i dag, så synest eg at vi har bra lønn. Det har blitt betre. Men når du ser på prisane som har auka kan ein tenke at det er lite.

Eit aukande behov

I NHO sitt kompetansebarometer for 2022 kjem det fram at NHO Transport er er den landsforeininga med klart størst udekt kompetansebehov. I ein rapport oppgir de at 82 prosent av medlemsbedriftene har eit udekt kompetansebehov. Dette er klart flest blant NHO sine landsforeiningar, og ein auke frå 2020.

Næringspolitisk rådgjevar i NHO, Eskil Johnsrud Sæterlien, skriv i ein e-post til Klassekampen at dei estimerer eit behov på 1340 medarbeidarar til NHO Transport sine medlemsbedrifter i 2022.

Han held fram med kva som kan bli dei direkte konsekvensane av sjåførmangelen: Innstilte avaganger, auka overtidsbruk, høg belastning og mogleg framtidig sjukefråvær.

«På sikt kan de fylkeskommunale oppdragsgiverne bli nødt til å redusere produksjonen på grunn av sjåførmangel.», skriv han.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser ei jamn auke i passasjerar på buss og andre kollektivtransportformer frå 2015 og fram til koronapandemien. Tala for 2022 er stigande, men har endå ikkje nådd same nivå som før pandemien.

Kommunikajsonsjef i Ruter, Sofie Bruun, skriv i ein e-post til Klassekampen at dei deler bekymringa til NHO, men nok har fordel av å drive kollektivtrafikk i eit område med befolkningsvekst.

«Ruter har foreløpig ikke hatt behov for å redusere tilbudet om sommeren på grunn av mangel på bussjåfører. Men vi får tilbakemeldinger i dialog med våre operatører på at det er ein anstrengt rekrutteringssituasjon også i vårt område.» skriv ho.

Anbefaler yrket til unge

Demografien hos bussjåførane har også endra seg. Då Hussain begynte var dei fleste sjåførane nordmenn. No er det berre ein liten prosent igjen som ikkje er frå utlandet. Han har ei klar oppfordring.

– Eg vil anbefale unge å bli bussjåfør, men du har mykje ansvar. Veldig mykje, seier han og fortset:

– Sjåføren må tenke på trafikken og trafikkbildet. Han er ansvarleg for passasjerane. Uansett om bussen er tom, så har du ansvar. Andre i trafikken kan gjere feil også. Hjartet ditt er i halsen. Det er mange som trur at det å vere bussjåfør er ein veldig lett jobb. Det er det ikkje. Det er ein stor jobb med stort ansvar.

Alle åra bak rattet har tatt på for Hussain. For eitt år sidan måtte han operere skuldra etter fleire år med yrkesslitasje. Då visste han ikkje om han ville komme seg bak rattet igjen. Han er framleis ikkje heilt frisk, men går til fysioterapeut og jobbar i ei redusert stilling, heller enn å ta risikoen med endå ein operasjon.

– Eg vil halde fram som bussjåfør så lenge eg kan. Eg er ein sosial person, eg må ut og snakke med folk.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.