Kenneth Sjøvold har delt denne artikkelen med deg.

Kenneth Sjøvold har delt denne artikkelen

Bli abonnent

LO vil ta kollektivtrafikk tilbake i eigenregi. Jim Klungnes i Yrkestrafikkforbundet meiner det kan gjere vondt verre for bussjåførane.

Ueinige om anbod

EI VARSLA KRISE: Når folk no vaknar, er det fordi det begynner å svi, seier Jim Klungnes i Yrkestrafikkforbundet om bussjåførmangelen. Foto: Tom Henning Bratlie

Klassekampen skreiv i går om den store og aukande mangelen på bussjåførar i Noreg. Fleire bussjåførar peiker på ein meir stressande arbeidskvardag etter at bussdrifta blei lagt ut på anbod, som årsak til at fleire ikkje vil sitte seg bak bussrattet.

Vil vekk med anbod

Ingunn Reistad Jacobsen, seksjonsleiar for samferdsel og teknisk i Fagforbundet, trur at arbeidsforholda til bussjåførane er det største hinderet for rekrutteringa. Ho nemner mellom anna sikkerheit, arbeidstider og toalettforhold.

– Kvinner kvir seg til å gå på jobb fordi det er dårleg med toalettforhold, og ein høyrer om bussjåførar som ikkje drikk vatn når dei er på jobb i frykt for å måtte på do.

På LO-kongressen i fjor fekk Fagforbundet etter mange år gjennomslag for at LO skal jobbe for kollektivtrafikk i eigenregi og mot anbodsmodellen.

I dag er tilnærma heile busstilbodet i Noreg på anbod. Det betyr at selskap som Skyss og Ruter, der du kjøper bussbilletten din, ikkje har nokon tilsette bussjåførar. Sjåførane er tilsette i ulike operatørselskap som driftar busstilbodet i dei sonene dei har vunne anbodet for.

Jacobsen meiner at å fjerne anbodsmodellen er den sikraste måten å betre arbeidsforholda til sjåførane på, og dermed gjere yrket meir appellerande.

– Oslo Sporveier er eit lysande eksempel på kor bra det kan bli om ein får det i eigenregi. Vi tenker at det er heilt avgjerande at dei tilsette får fleire moglegheiter til å medverke overfor dei som driftar busstilbodet, som er fylkeskommunen.

Ulike problem

Jim Klungnes, som starta som bussjåfør på åttitalet, er forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet. Han trur ikkje eigenregi er løysinga på sjåførmangelen.

– Inntrykket blant mange er at det er anbod som gradvis har øydelagt yrket. Er du einig i det?

– Eg er ikkje einig i det, for vi har fått til mange ting som er forbetringar. Men eg skjønner at bussjåførane der ute opplever det sånn, og dette er nok meir eit storbyproblem enn ute i distrikta, seier han, og fortset:

– Det er lite å skvise på når du køyrer ei lang rute i distrikta, men det er klart at med alle dei tusenvis av avgangane som dei har her i Oslo eller Stavanger eller Trondheim, vil det å effektivisere drifta og spare eit minutt på alle skifta bety utruleg mange millionar kroner i løpet av eit år.

Klungnes seier at det har vore ei effektivisering i bussbransjen dei siste ti åra.

– Sånn sett har dei rett i at arbeidsdagen har blitt meir og meir stressande, meir og meir pressa. Mange stader kjem dei ikkje ut av førarsetet før etter 4,5–5 timar, og det er sjølvsagt heilt uakseptabelt. Det er ikkje sikkerheitsmessig eller helsemessig forsvarleg.

Eit anna skjellsord i bussbransjen er delte skift. Det betyr at sjåføren køyrer buss i morgonrushet, har fri midt på dagen, og køyrer buss igjen i ettermiddagsrushet. Dette er eit større problem i distrikta der mange av turane er skuleruter. Det fører også ofte til deltidsstillingar.

Klungnes meiner problemet ligg i eit misforhold mellom lønna til sjåførane og krava dei har til seg.

– Ulempene med å jobbe til alle døgnets tider, og at det er vanskeleg å kombinere med familie og privatliv, opplever dei at ikkje står i forhold til lønna. Det er der problemet ligg, seier Klungnes.

– Eit alvorleg tilbakeskritt

Han meiner likevel at bussbransjen, som hadde eit historisk lønnsoppgjer på 13 kroner meir i timen, har fått eit ufortent dårleg rykte.

– Det er ein trygg arbeidsplass. Det er ordna forhold. Det er ein av dei mest regulerte bransjane. Det er viktig å få med, seier Klungnes.

Samtidig trur han ikkje det er nokon «quick fix» for å løyse sjåførmangelen.

– Du må gjere alt samtidig, trur eg. Du må legge meir til rette for den enkelte sjåføren. Vi har fleire utval på gang. Utval som jobbar fram mot neste tariffoppgjer, men vi jobbar også opp mot oppdragsgivarane, fylkeskommunen, Ruter og andre for å få til betre bussanbod.

Klungnes ser fordelar og ulemper med både anbod og eigenregi, men meiner at det ikkje er anbod i seg sjølv som er problemet.

– Fylkeskommunane vil aldri få uavgrensa med pengar. Viktigare er det at bussjåførane etter mange års kamp klarte å samle alle bussjåførane på ein felles tariffavtale. Det samlar oss og gir oss større makt og innverknad, slår han fast.

– Drift i eigenregi av fylkeskommunane vil føre til ulike val og prioriteringar i dei ulike fylka og splitte opp bussjåførane. Det vil, etter mi meining, vere eit alvorleg tilbakeskritt og svekke bussjåførane.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.