Kenneth Sjøvold har delt denne artikkelen med deg.

Kenneth Sjøvold har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Bussjåfør Frode Eriksen er provosert over debatten om bussjåførmangel. Han meiner løsyinga er å auke lønna til industriarbeidarnivå.

Fråkøyrd på lønnsfronten

PARKERT: – Eg har sjølv foreslått til min eigen direktør, Eirik Svensen, som sit i styret til NHO Transport, at vi kunne i alle fall prøve industriarbeidarlønnsnivået og sjå om det fungerte, seier bussjåfør Frode Eriksen.

Debatten går om korleis ein skal løyse den store bussjåførmangelen i Noreg.

– Det som irriterer meg mest er den stadige påpeikinga av eit historisk godt lønnsoppgjer, som jo eigentleg ikkje er så veldig bra når du set det i perspektiv. Det seier Frode Eriksen som er bussjåfør og tillitsvald i Oslo Sporveiers Arbeiderforening i Fagforbundet.

I årets lønnsoppgjer fekk bussjåførane eit tillegg på 13 kroner i timen – cirka 25.000 kroner i året. Men dette blir meir enn spist opp av eit bustadlån på to millionar kroner. I tillegg kjem dyrtid og akua matprisar.

– Det er først og fremst bustadlånet eg merkar det på. For to år sidan brukte eg ein fjerdedel av lønna mi på å bu. No brukar eg ein tredjedel. seier Eriksen.

Då bussbransjeavtalen blei til i 2008, var intensjonen at lønna til bussjåførane skulle ligge på nivå med industriarbeidarlønn. I 2014 låg lønna til ein bussjåfør på 97,6 prosent av ein industriarbeidar. I 2021 var prosenten på 91,5.

– Ein har prøvd alt mogleg utanom å auke bussjåførane sine lønningar til eit industriarbeidarnivå, seier Eriksen og held fram.

– Det mest ytterleggåande forsøket var jo å fjerne den øvre aldersgrensa på kven som kan køyre buss.

– Har misforstått

I går skreiv Klassekampen om Raudt og Høgre sine forslag for å auke rekrutteringa av bussjåførar.

Ifølge førstekandidat for Raudt i Vestland Jeanette Syversen er ei av hovudsakene deira i valkampen å flytte bussdrift frå anbod til eigenregi. Dei har også LO i ryggen, som vedtok det same på LO-kongressen i fjor, seier ho.

Eirik Svensson er leiar for Vestnorsk Transportarbeiderforening i Fellesforbundet (LO) i tillegg til å vere medlem i Raudt. Han er uroa for at komunalisering av kollektivtrafikk vil skape eit A- og B-lag av bussjåførar i det offentlege og private.

– Eg trur at her har Raudt eller Jeanette misforstått litt. Det treng ikkje vere intensjonen deira å splitte det opp, men det vil bli konsekvensen, seier han.

Syversen svarer i ein e-post til Klassekampen at ho er kjent med at det er ulike meiningar i Fellesforbundet.

«Raudt vil jobbe for å ta demokratisk styring på kollektivtrafikken inn under fylkeskommunen i heile landet, utan å minske vilkåra på løn og pensjon. Samstundes støttar vi fagforeiningane sin kamp for best mogleg tariffavtaler i det private.»

Treng meir pengar

Svensson vil presisere at Fellesforbundet ikkje er prinsipielt imot eigenregi, men at det på ingen måte er løysinga på alt.

Han peiker på at fylkeskommunen ikkje vil få meir pengar av den grunn og meiner at det er lønns- og arbeidsvilkår som åleine er grunn til rekrutteringsproblema.

– Fylkeskommunane treng meir pengar for å drifte kollektivtilbodet viss vi skal ha eit skikkeleg tilbod som dekker både by og land, seier han.

Liv Kari Eskeland frå Høgre er mest uroa for mangelen på sjåførlærarar, samtidig som ho peiker på at alle partar på bli betre til å promotere yrket.

I sitt reviderte nasjonalbudsjett kutta Høgre 1,1 milliardar i midlar til fylkeskommunane, men Eskeland svarer i ein e-post til Klassekampen at dette ikkje vil gå ut over kollektivtilbodet.

«Vi forventa at fylkeskommunane, til liks med alle andre, må redusere adm kostnader. Det treng på ingen måte gå ut over kollektivtilbod – dette er anbod som går over år, og som ikkje skal reforhandlast kvart år. Derfor har dette ingen samanheng.»

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.