Bygdebok for Hetland og Madla

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygdebok for Hetland og Madla er eit prosjekt for å skrive gards- og slektshistorie for tidlegare Hetland og Madla kommunar. Det meste av området er i dag i Stavanger kommune, men Riska sokn ligg i Sandnes kommune. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og historielaga i området. Norsk lokalhistorisk institutt stiller med teknisk og anna bistand, og med Lokalhistoriewiki som publiseringsplattform. Det er òg fleire nabokommunar som har meldt interesse for å oppdatere sine bøker.

Hjelp til bidragsytarane

Beingrind

Innlogga brukarar kan trykke på raude lenkjer i tabellane for å starte opp artikkel.

Det er oppretta ei beingrind for prosjektet. Hovuddelen av denne er lister over matrikkelgardane med ein del av bruka:

Per 21. april 2022 er det stort sett berre bruk som fanst i 1886-matrikkelen som står i desse tabellane. Tanken er i fyrste omgang å utvide med bruksnummer frå matrikkelutkastet av 1950. I tillegg finst det fleire tusen seinare bruksnummer i område som er sterkt urbaniserte. Å ha med alle desse i hovudtabellane vil gjere det for uoversiktlig, og difor må vi finne andre løysingar over tid.

For eigedomar med vegadresse kan ein óg nytte Gater og veger i Stavanger kommune, og dei einskilde vegartiklane, til dømes Hillevågsveien (Stavanger).

Artikkelnamn

Det er tre former for artikkelnamn som er aktuelle når ein skriv om eigedomar - med meir enn 50 000 eigedomar i kommunen er det naudsynt at vi har fast mønster på dette:

Ny artikkel

For å starte ein ny artikkel kan du:

  • Trykke på raud lenke til eigedomen i tabell eller artikkel. Du kan òg legge inn slik lenke sjølv, sjå Hjelp:Tabeller (lage).
  • Skrive inn artikkelnamnet i søkefeltet oppe til høgre.
  • Skrive inn artikkelnamnet i boksen 'opprett side' på Hjelp:lag ny artikkel.

Infoboks

For å kunne sortere artiklane og trekke ut opplysningar frå dei maskinelt, treng alle eigedomsartiklar ein infoboks: {{infoboks gard}}. Sjå malsida Mal:Infoboks gard og Hjelp:Infobokser. I artikkelen Adjunkt Hauglands gate 20 (Stavanger) kan du sjå eit døme på bruk i dette prosjektet.

Kategoriar

Artiklane må ha kategorier så vi finn dei att. Vanlege kategoriar i dette prosjekter vil vere:

Hjelpesider for folkeforskere

Kart

Norges bebyggelse

Matrikkler

Wiki artikler

Tingbøker

Nasjonalbiblioteket

Andre steder

Kildehenvisning wiki