Du er her

Psykolog­spesialist / psykolog

Rehabiliteringssenteret AiR AS, Rauland, Vinje

Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsarbeidet og av våre tilsette i fritida. Bygda er eit levande og aktivt samfunn i vekst med fleire kunnskapsbedrifter og organisasjonar. Senteret har ca. 65 årsverk og 85 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.

Vår profesjon:

AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse medverke til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.

AiR-klinikk har fem tverrfaglege team beståande av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.

Som psykolog vil du inngå i tverrfagleg team der du bidreg med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine.

Me ser etter desse kvalifikasjonane:

  • Interesse for undervising og gruppeprosessar
  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Engasjement i tverrfagleg samarbeid
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Arbeidsoppgåver:

Medverka til å styrka ressursar og moglegeheiter for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne gjennom:

  • Individuelle konsultasjonar og rettleiing
  • Undervising av deltakarar i grupper
  • Gjennomføring av kartleggings — og vurderingssamtaler
  • Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
  • Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
  • Henvisingar ved behov
  • Tverrfagleg sparring og samarbeid

Me tilbyr:

  • Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

Me ser fram til å høyre frå deg.
 

For meir informasjon, kontakt:

Leiar klinikk Anita Vatnebryn tlf +47 957 30 942, anita.vatnebryn@air.no, eller assisterande leiar klinikk Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no
 

Lenke til annonse
Søk på stillingen
 

Søknadsfrist
5. september 2021