Sett farge på Austevoll

Bli med og skap Austevoll sin nye visuelle identitet!

Austevoll kommune er meir enn berre kommunehuset. Det er alt arbeidet som vert gjort for å tryggje deg som innbyggjar og dei grunnleggjande velferdsgodane du fortener – som skulegang, barnehage, helse, transport, vegar, vatn, renovasjon og brannvern, i tillegg til eit breitt utval av kultur- og fritidsaktivitetar.

No ynskjer vi å gi Austevoll ei ny visuell identitet som kan hjelpe oss med å tydeleggjere kven vi er som samfunn og kommune. Vi vil at du som innbyggjar og som ein med eigarskap til kommunen, skal ha høve til å forma korleis vi presenterer oss visuelt. Vi vil utvikle denne visuelle profilen saman med deg.

Vi oppfordrar deg til å dela tankane dine om kva Austevoll betyr for deg, og korleis dette kan gjenspegle seg i måta vi framstår som kommune. Austevoll er unik, og vi vil at vår visuelle identitet skal vera noko vi alle kan vera stolte av.

Kom med dine idear og meiningar – saman kan vi forma Austevolls framtidige uttrykk og identitet. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Trykk på bildet og skriv

Trykk på bildet og visualiser

Korleis vil vi nytte innspela dine?

...og kven er "vi"?

I Austevoll kommune ynskjer vi å oppdatere vår visuelle profil. Men ei slik endring er ikkje noko vi vil gjere aleine. Vi trur at den beste visuelle identiteten er den som speglar heile Austevoll samfunnet, og derfor er det viktig for oss å inkludere innspel frå nettopp deg og andre innbyggjarar.

Dei tankane og ideane du deler med oss vil vere ein viktig inspirasjonskjelde. Dette vil hjelpe oss med å ta velovervegde val når det kjem til designelement som logo, farger og fonter.

Vi i kommunen er opptatt av at den nye visuelle identiteten vår skal romme heile Austevoll samfunnet. Difor er det så viktig for oss å skape den i samarbeid med dykk, innbyggjarane.

Kommunen har ei eigen prosjektgruppe som jobber med dette, og vi har også med nokon gode hjelpere som er flinke på design. Trykk her for å få vite meir om oss.