Incel identifiserer nokon, som oftast ein mann, som ikkje har hatt sex på lenge eller i det heile teke, og som opplever dette som sentralt for kven dei er. Omgrepet er ei samantrekking av det engelske involuntary celibate, det vil seie ufriviljug sølibat.

Faktaboks

Uttale

Uttale; /ˈɪnsɛl/

Etymologi

Framandord; engelsk, forkorting av «involuntary celibate»

Omgrep

Ein incel er både ein identitet og ein ideologi. Ein incel identifiserer seg sjølv i eit ufriviljug sølibat og tek oftast del i grupper og forum på nettet dedikert til å drøfte erfaringar og utfordringar ved dette. For ein incel er mangelen på sex ein sentral identitetsmarkør. Dei opplever at mykje av deira verdi som menneskje ligg i deira evne og høve til å ha éin eller fleire sexpartnarar. Det vert ein karakterfeil at dei ikkje gjer det, og forklaringa på kvifor dei ikkje får dette til, vert deira avgjerande karaktertrekk. Dette vert gjort mogleg av eit sosialt miljø som i utgangspunktet fungerer som ei støttegruppe, som understreker og forsterkar dette negative sjølvbiletet.

Ein incel er såleis eit omgrep for ei spesifikk gruppe menneskjer, men óg ein merkelapp, meint å utpeike aggressive menn på den radikale høgresida; som ein antek er kvinnefiendtlege og ikkje er attraktive på den seksuelle marknaden av ulike årsakar, oftast sosiale.

Determinisme

Sentralt for ein incel er at han ikkje ser seg sjølv som fysisk attraktiv og difor ikkje er aktuell som sexpartnar. Ein ser ofte at dei forklarar dette med ulike overflatiske årsaker. Desse forklaringane gjev gjerne opphav til eigne underkategoriar av incels, med eigne undergrupper på foruma.

Forklaringane er ofte grunna i biologiske idear om kva kvinner finn tiltrekkjande og ikkje, og er særs deterministiske. Ein incel reknar seg som ikkje-attraktiv frå naturen si side, og tenkjer at det er lite som kan endre på dette. Kvinner vil ifølgje incels vere biologisk forutbestemt til å vere tiltrekte av rike, veltrente, pene menn med høg status (kalla chads). Naturen har difor utelukka incels frå å ha sex. Dette bidreg til å gjere dei bitre, deprimerte eller aggressive, spesielt når dei støttar kvarandre i denne negative tankegangen. Nokre incels nyttar omgrepet suicide fuel for desse kjenslene, eller det å miste trua på menneskeheita.

Demografi

Det er ikkje gjort tilstrekkeleg arbeid med å kartleggje demografien, men ein har ein del informasjon frå incelmiljøa som er samla på Incels Wiki, eit oppslagsverk for miljøet. I all hovudsak kan ein seie at incels er unge menn i alderen 20 år og oppover, med eit lite mindretal av kvinner. Ifølgje ei undersøking på incels.co er berre om lag 50 prosent av medlemmane kvite, om lag halvparten har middelklassebakgrunn, og om lag halvparten har fullført skulegang på vidaregåande nivå.

Eigne forum

Incelmiljøa har etter kvart blitt utelukka frå fleire av dei store foruma på internett, (til dømes Reddit). Dei har no i all hovudsak organisert seg på eigne, spesialiserte forum, slik som det òg var i byrjinga. Dei mest populære er Incels.co, Facebook's Incelistan, Incelistan.net, love-shy.com, Incelswithouthate, og Foreveralone.

Radikalisering og vald

Incelmiljøet (da love-shy) starta opp i 1993 med føremål å skape eit positivt fellesskap rundt seksuelle og kjenslemessige utfordringar, men har utvikla seg til å verte prega av misogyni, aggressivitet og negativt forsterkande retorikk.

Ei rekke konkrete terroråtak kan knytast til incelmiljøet. Elliot Rodgers (1991–2014) åtak i Isla Vista, California i mai 2014 tok livet av sju menneske, og vart seinare hylla av Alek Minassian, som fire år seinare vart sikta for massedrap i Toronto.

Det er likevel viktig å understreke at incels er varierte, og incels finnast langs heile det politiske spekteret. Det er ingen automatikk i koplinga mellom incels og politisk vald eller den politiske høgresida, og ein bør vere varsam med å generalisere. Det er nemleg motstemmer i miljøet som trekker fram håp og livsglede, nemnt i miljøa som life fuel; ein motsetnad til suicide fuel.

Historikk

Omgrepet incel har sitt opphav frå ei nettside starta opp i 1993 ved navn «Alana's Involuntary Celibacy Project». Forfattaren, ei ung kanadisk jente, tok her opp utfordringane ved livet som sexlaus. I 1997 vart det til ei mailingliste som nytta forkortinga INVCEL. Dette vart seinare korta ned til incel under «Donnelly-studien», ein vitskapleg studie av denne mailinglista.

Incel vart først ein del av daglegtala og medias diskurs i april 2018 etter at Alek Minassian tilsynelatande køyrde ned og tok livet av 10 menneskjer og skada 16 andre i Toronto.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg