Vossamessa

Jobb- og elevbedriftmessa

Den store entreprenørdagen på Voss!

Nysgjerrig på kva som spirer og gror i næringslivet på Voss? Her kan du møta elevar som driv eiga bedrift, samt alt i frå gründarar og godt etablerte verksemder i bygda.

Har du behov for å rekruttera nye medarbeidarar til di verksemd, er dette arrangementet for deg. Ynskjer du å visa fram verksemda di og kva de arbeider med, så meld dykk på!

Verksemder vert oppmoda til å ta med utstyr/maskiner som gjev aktivitet på stand. Kom på Vossamessa den 21.03.24! Dette vert ei kombinert jobbmesse og elevbedriftsmesse.

OBS: Berre verksemder treng å melda seg på.

Arrangementet er ope for alle!

Det vert sendt ut invitasjon til jobbsøkarar, elevar frå ungdomskulen og elevar i vidaregåande skular.

Program

Stad: Voss Idrettshall 

08:00-09:30 Rigging av stands

09:30-10:00 Åpning med underhaldning

10:00-11:00 Stands

11:00-11:15 Innslag

11:15-12:15 Stands

12:15-12:30 Innslag og SMART vinnar vert kåra

12:30-13:00 Stands

13:00-13:15 Innslag

13:15-13:30 Nedrigg

13:30-14:00 Avslutning med premieutdeling

Kontakt

Ann Kristin M. Vedå
Tlf
928 63 590