Vossadagane

Hovudkonferansen

Tysdag 19. mars 

kl. 09.30 - 10.20

Registrering og mingling

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 10.30 - 12.15

 "Det store bilete"

Geopolitikk og makroøkonomi

Opningsforedraget 2024

Det er ei stor gleda å opna Vossadagane 2024 med eit høgaktuelt tema, formidla med kunnskap og Hans-Wilhelm Steinfeld sin velkjende stil. Steinfeld byr på utrulege historiar frå møte med nokre av dei største politikarane i nyare europeisk historie.

Steinfeld set fokus på det store bilete, og kjem innom tema som Russland si krigføring og situasjonen i Ukraina og Europa. Me gler oss til å læra meir om bakteppet for dagens situasjon og kva tankar Steinfeld gjer seg om framtida.

Det økonomiske makrobildet

Me opplever ei uroleg tid og mange lurar på kva som skjer med norsk økonomi. Kva er bakteppe for den økonomiske politikken, korleis blir norsk økonomi påverka av internasjonale forhold og kor peikar pilene akkurat no? Me ynskjer å trekka trådane frå eit globalt til eit regionalt og lokalt perspektiv. Og by på relevant innsikt for regionen samla og for sentrale næringsklynger her hjå oss.

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 12.15 - 12.45

Lunsj

Kortreist mat som gjer deg glad

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 12.45 - 15.30

"Meir av alt, raskare. Er det mogleg og er det nødvendig?"

Kraftkrise, naturnøytralitet og framtidig eigedomsutvikling.

Meir kraft, no!?

Me står ovanfor ei kraftkrise og blir fortalt at me må ha meir av alt, raskare. Samstundes ropar miljørørsla og forskarar varsko for ytterlegare nedbygging av natur til fordel for det grøne skiftet. Me tek eit djupdykk i temaet - nasjonalt, regionalt og lokalt.

Hyttefloka

Prosjektet «Grønt hytteliv på Vestlandet» har kartlagt klimafotavtrykket frå hytteutbygging og bruk av hytter i kommunane Voss, Eidfjord og Kvam, og identifisert konkrete utsleppsreduserande tiltak. I 2024 gjennomfører prosjektet ei undersøking for å sjå på barrierar knytt til bruk av kollektivtransport og meir utleige av eksisterande fritidsbustader. Ein vil også undersøka kva hytter som kan vera attraktive inn i framtida. Er det rom for å tenkja nytt?

Naturnøytralitet og vidare utvikling

Noreg har signert Naturavtalen og Voss herad og fleire andre kommunar har vedtatt naturnøytralitet. I tillegg har bygg-, anlegg-, og eigedomsbransjane stilt seg bak det grøne skiftet. No er det store spørsmålet "korleis". Korleis me skal utvikla når me ikkje lenger skal forsyna oss av naturen? Kva betyr det i praksis og korleis skal me få det til? Korleis skal me dekka behovet for næringsutvikling og god leve- og bukvalitet når me ikkje lenger skal bygga i natur? Kva tenker kommunane om korleis ein kan praktisera arealnøytralitet i praksis?

kl. 15.30 - 16.00

"AI – hjelp eller hurra?"

…. og takk for i dag.

Generativ AI:
Moglegheiter og truslar for media

Alle som har prøvd ChatGPT eller Midjourney veit kor kraftig, nyttig og morosamt generativ AI kan vera. Kva moglegheiter - og truslar - utgjer generativ AI for medium? Og korleis kan me motverka desinformasjon skapt av generativ AI?

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 18.00

Middag på Fleischer's Hotel

Onsdag 20. mars 

kl. 08.30 - 09.30

Leiarskap i praksis

Om leiing, endring og kvardagsmot

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Frå Tussi til Tigergutt –
arbeidsglede og kultur hand i hand

Du vil kjenna på ubehag, sårbarheit, latter (krampe) og kvardagsmot i denne morgonøkta. Du kjem også til å gjera deg mange nyttige refleksjonar knytt til spørsmål som: Korleis byggja gode relasjonar? Korleis bli engasjert? Korleis takla ulike personar? Og korleis bli ein litt meir modig versjon av seg sjølv?

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 09.30 - 10.30

Det skjer på Voss...

Ein god plass å bu – ein god plass å besøka

Med ein sentrumsplan i botn og ei nyoppretta avdeling for prosjektutvikling i Voss herad, har ein realisert fleire spanande prosjekt dei siste åra. Eit av desse er Voss aktivitetspark som vann den prestisjetunge prisen Landskapsarkitekturprisen 2023. Avdelinga Prosjekt og utvikling jobbar ut i frå at mange av dei utfordringane ein står ovanfor i dag er knytt til korleis me utformar dei fysiske omgjevnadane våre. Kommunane må difor ta ei aktiv rolle som utviklar, for å skapa robuste og berekraftige samfunn for framtida

Den biosirkulære revolusjonen og Bioparken

Ein er straks klar for å setja spaden i jorda for biogassanlegget på Voss. Anlegget skal vera navet i den komande bioparken, der biologisk avfall skal gjerast om til verdifulle og nye produkt. Me veit ikkje korleis parken vil sjå ut om 10 år, men ein ting er sikkert; potensialet er enormt! Bioparken kan bli eit sirkulært knutepunkt for bioressursar i Vestland. Kan vossingane rett og slett bli verdsmeistrar i bioindustriell symbiose?

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 10.30 - 12.30

Linda og Kapteinen har kanskje meir til felles enn me trur.
Det handlar om klart språk og tydelege beskjedar..

Klinkande uklart!

Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand og utestenging, irritasjon og apati? Den nye språklova har i paragraf 9 og 10 lovfesta at det offentlege skal skriva korrekt og informera forståeleg. Det høyrest enkelt ut, men likevel er det lovbrots-bonanza kvar einaste dag. Her må det språkvaskast i kontor og korridor!

Det kan alltid bli verre!

Kapteinen har akkurat sendt Tropp 2 heim frå Voss, men før han sjølv kan tre av tek han turen innom Vossadagane. Me vil vita kva Kompani Lauritzen gjer for å motivera deltakarane til å bryta barrierar, kjenna på meistring og rett og slett bli ein betre versjon av seg sjølv. Me er sikre på at arbeidslivet har mykje å læra av Kompaniet og Hammersmark.

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 12.30

Lunsj og takk for i dag!

Andre konferansar

Vossadagane 2024

Nasjonal kulturkonferanse

22. mars 2024

Tradisjonen tru tjuvstartar  den kulturelle palmehelga på Voss med ein nasjonal kulturkonferanse fredag 22. mars.

Sjå meir

Bioparkkonferansen

21. mars 2024

Nasjonal konferanse for sirkulær omstilling i bionæringane.

Sjå meir