Siste nytt

Norwegian snur – slettar likevel ikkje bonuspoeng

28. mai, 2021

Forbrukerrådet har kravd at Norwegian og SAS ikkje slettar bonuspoeng i den tida pandemien hindrar folk i å bruke dei. Norwegian har no gått med på dette. Forbrukarane sin interesseorganisasjon applauderer avgjerda og vonar at SAS vil gjere same snuoperasjonen.

Når du kjøper reiser eller brukar kredittkort, kan du tene opp poeng hjå flyselskapa. Desse poenga kan du seinare bruke til å betale nye reiser med. Då feriar blei avlyste på grunn av korona, valde ein del kundar å få pengane attende i form av poeng i staden for kroner på konto. Poenga går ut på dato etter ei viss tid, og det er fare for at store verdiar kan gå tapt på grunn av reiserestriksjonar. No slepp altså kundane til Norwegian å oppleve det.

Har teke poenget

For nokre veker sidan vifta forbrukardirektør Inger Lise Blyverket med peikefingeren til Norwegian, men no gjev ho selskapet tommelen opp.

– Norwegian har teke poenget. Kundane har vist dei tillit, og no viser dei seg verde tilliten.

Mange nordmenn ville ha mist bonuspoenga sine hjå Norwegian fordi ein e-post frå selskapet hamna i reklamefilteret. Dei som las e-posten, kunne forlengje varigheita på poenga sine ved å trykkje på ein knapp. Andre fekk først høyre om denne moglegheita gjennom media og kjende seg snytte då dei oppdaga at dei ville miste verdiar for mange tusen kroner. Forbrukarrådet bad då om at alle måtte få varigheita forlengd, uavhengig av om dei hadde sagt frå, fortel Blyverket.

– Dei høyrde på oss, og viser med det at dei tek kundane sine på alvor. Då er det ei glede å gje applaus til Norwegian.

Ordninga er noko avgrensa samanlikna med normal drift. Du kan bruke 500 cashpoints for kvar tusenlapp reisa kostar. Forbrukarrådet meiner likevel at dette er ein opptur for forbrukarane, og er særskilt nøgd med at det kom på plass så raskt etter at selskapet var berga frå konkurs.

Mann ser på flyoversikt på flyplass.Foto

SAS på feil kurs

Forbrukarrådet er ikkje like imponert over SAS.

– Dei er i utakt med kundane sine. SAS trur at folk er mest opptekne av å halde på gullstatus, men eg kan fortelje dei at forbrukarane òg vil behalde verdiane sine.

SAS har òg peikt på tekniske utfordringar med å forlengje varigheita på poeng.

– Vi må kunne vente av eit høgteknologisk selskap som SAS at dei finn ut av IKT-utfordringar rundt bonuspoenga. Det er inga skam å snu. Dersom du har staka ut feil kurs, er det faktisk heilt naudsynt, avsluttar Inger Lise Blyverket.

Presse

For intervju, kontakt:

Inger Lise Blyverket
Direktør i Forbrukerrådet
97148690

Pressefoto

Abonner på vårt nyhetsvarsel