Slik kan du snakke med barn og ungdommar om krig, terror og andre alvorlege hendingar

Alvorlege hendingar som terror, krig eller store ulykker kan påverke barn og unge, sjølv om det ikkje gjeld dei direkte. Her er råd til deg som er forelder eller omsorgsperson om korleis du kan snakke med dei om det som har skjedd.

Barn får med seg meir enn du trur. Dei får informasjon frå nyheitssendingar, sosiale medium, venner, og ikkje minst ved å følgja med på dei voksnes samtalar og reaksjonar på nyheiter.

Sjølv om barn får med seg detaljar, er dei ikkje modne nok eller har den livserfaringa som er nødvendig for å setje saman brotstykke til ein meningsfull heilskap. Barn vil ofte trenge hjelp av ein vaksen til å tolke og forstå informasjon.

Barn kan tolke informasjon på måtar som kan opplevast overveldande og skremmande. Openheit og alderstilpassa informasjon om hendinga er viktig for å unngå at barna går aleine med desse tankene. Målet er å trygge barna.

Korleis trygge barna

Det er heilt normalt å kjenne seg redd eller utrygg når ein høyrer og ser skremmande nyheiter eller høyrer om noko skremmande som har skjedd. Det beste du kan gjere som vaksen er å snakke med barna om kva dei er redde for.

Spør kva barnet tenker, lytt og anerkjenn barnets følelsar

Spør barnet kva dei veit om hendinga, og gje informasjon som dekker deira behov for å forstå. Svar på det dei lurer på. Prøv å svare så konkret som mogleg utan å gi for mange detaljar som kan gjere barna redde. Tilpass informasjonen til alderen til barnet.

Yngre barn treng meir kortfatta og konkret informasjon, medan eldre barn og ungdommar kan handtere større mengder informasjon og vere i betre stand til å forstå samanhengar.

Barn er ulike, også uavhengig av alder, så sjå an kva du trur det barnet du skal snakke med treng av informasjon og tilpass deg til dette. Det er viktig å hugse at barn og vaksne kan vere redde for ulike ting.

Nokre barn vil vere interessert i å snakke, og vil kanskje spørje om dei samme tingene mange gonger, mens andre ikkje vil snakke om det. Nokre barn vil ha meir nytte av å få ut følelsar gjennom leik, teikning, eller historier. Vis forståelse og anerkjenn barnets følelsar.

Når du er trygg, blir barna trygge

Når barn er redde og utrygge treng dei trøyst og å føle seg trygge. Ta nokre djupe pust og finn di eiga ro. Gjer barna trygge. Dette gjeld barn i alle aldrar.

For dei minste barna, i barnehagealder, vil det å vise at ein er trygg og forsikre dei om at dei er trygge vere det aller viktigaste.

For dei eldre barna, frå småskulealder og oppover, vil det vere viktig med informasjon i tillegg.

Normalisér reaksjonane til barna

Ha forståing for at barnet oppfører seg annerleis. Det kan til dømes vere at barnet ikkje får sove, er uroleg, sint eller trist. Vær tolmodig. 

Skjerm barna for nyheitsbileter for vaksne

Forsøk å unngå å vise bileter eller video av hendingane til dei yngste barna. For barn i barneskulealder kan NRK sine barnenyheiter (Supernytt) vere nyttige, mens ungdom kan sjå på nyheitene for vaksne. Sjå alltid på nyheiter saman med barnet/ungdommen, slik at dykk har moglegheiten til å snakke om det dykk ser.

Snakk om korleis dei forheld seg til informasjon om skremmande hendingar og kvar dei hentar informasjon frå.

Hjelp barna med å avgrense kor mykje dei ser på nyheiter og kor stor plass dette skal ha heime. Barn bør helst ikkje bruke telefon eller skjerm den siste timen før leggetid.

Vær òg oppmerksam på kva voksne snakkar om rundt barna for å unngå å skremme dei.

Bruk tid sammen med barnet

Gjer hyggelege aktivitetar saman. Hjelp barna til å fokusere på det som skjer her og no. Det kan distrahere barna frå bekymringar.

Dersom barnet blir veldig uroleg, kan hen få problem med innsoving. Då kan det hjelpe å trygge barnet før leggetid og å øve på å ta djupe pust for å slappe av. Kanskje vil det òg hjelpe å høyre på lydbok eller roleg musikk.

Be om hjelp ved behov

Nokre ganger kan barn eller unge reagere så sterkt at dei treng hjelp. Be om hjelp ved behov, til dømes om barnets sterke reaksjonar ikkje går over eller det går ut over barnets evne til å fungere.

Innhaldet er levert av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, Helsedirektoratet

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, Helsedirektoratet. Slik kan du snakke med barn og ungdommar om krig, terror og andre alvorlege hendingar . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 1. juni 2023 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/psykisk-helse/snakk-med-barna-om-terror-krig/

Sist oppdatert torsdag 1. juni 2023