Men i undersøkinga som Sentio research har gjort for Nei til EU er det 42 prosent som svarar «veit ikkje» på spørsmålet «Er du for eller mot ein handelsavtale med EU som erstattar EØS-avtalen.»

Einar Frogner, styreleiar i Nei til EU seier at det umiddelbare reaksjonen på resultata av undersøkinga er at folk forstår at dei stadige påstandane om at vi må ha EØS-avtalen for å bli kvitt varene våre, ikkje står seg.

– Vi vil klare å samhandle med naboane våre, også utan ein EØS-avtale, seier Frogner.

– Og folk ser at EØS fører med seg mange ulemper også. Det er vi veldig glade for at dei gjer.

– Men nesten halvparten svarar at dei ikkje veit. Har dykk ei pedagogisk utfordring?

– Vi har kanskje ikkje vore flinke nok til å få saka i det offentlege ordskiftet. Mange lurar på kva andre avtalar inneber.

Fleire ønskjer alternativ

Frogner held resultata frå denne undersøkinga saman med undersøkingane som Sentio research gjer for Nationen og Klassekampen to gongar i året. I november i fjor viste målinga at 52 prosent av oss ville sagt nei til EU, viss det var folkerøysting då. 50 prosent av oss ville sagt ja til EØS-avtalen, mot 65 prosent for to år sidan.

– Målinga vår skil seg frå den til Nationen og Klassekampen, men ser vi undersøkingane i samanheng så er det fleire som ønskjer seg alternativet. Det synest vi er veldig, veldig bra, seier Frogner.

Han fortel at når dei tysdag legg fram Folkestyrerapporten, vil dei vise kva som har skjedd i løpet av dei 30 åra med EØS-avtalen.

– Og vi vil peike på alternativa. For oss er det viktig å få fram at ein handelsavtale er ein reelt alternativ, som ikkje minst vil vareta det med folkestyre, at vedtaka som gjeld oss vert tekne av folkevalde norske politikarar.

Les også

Motstanden mot EØS øker, kanskje Norge er litt annerledes likevel

– Kva skal til for å styre Stortinget i den retninga dykk vil?

– Det er ikkje lett med alle dei som har bestemt seg for at EØS-avtalen er einaste farbare vegen, seier Frogner.

Han meiner politikarane ikkje har kontakt med veljarane, og at det i denne saka gjeld store delar av media også.

– Det spriket der er beteiknande. På eit tidspunkt fjernar dei seg frå verkelegheita.

– Har dykk ein strategi for arbeidet fram mot Stortingsvalet i 2025?

– Vi vil undersøke kva kandidatane til Stortinget står for i desse spørsmåla, og så er det opp til veljarane å velje: Kven ønskjer kva samarbeid, og kven ønskjer at vi skal bestemme meir sjølv. Det er kanskje kortversjonane av vala.

Flest menn som vi ha ny avtale

I undersøkinga til nei til EU svarar 45 prosent av dei mannlege spurte at dei er for ein erstatning av EØS-avtalen.

25 prosent av dei kvinnelege spurte svarar det same.

Det er også geografiske skilnader i svara. Størst del for ein annan handelsavtale er det i Oslo (42 prosent), og på Austlandet (39 prosent). Flest røyster mot eit alternativ til EØS-avtalen er det i Nord-Noreg (29 prosent) og Midt-Noreg (28 prosent).

– Eg tenkjer folk svarar ut frå dei erfaringane dei har gjort seg og miljøa dei tilhøyrer. Vi ser på tala at det er skilnader, seier Frogner.

Han meiner at mange av konsekvensane av det regelverket vi er tilslutta merkast betre utanfor hovudstadsområdet.

– Då tenkjer eg ikkje minst på strømprisen, eller energiprisar generelt.

Nei til EU-leiaren seier han ser eit stort potensial for deira syn i det undersøkinga viser.

– Mange ser at EØS ikkje er ein føresetnad. Bodskapen om at utan EØS vil vi ikkje få til noko som helst, den har ikkje gått inn, seier Frogner.

Les også

Om EU-debatten tas nå vil nei-siden mobilisere kraftig