Hopp til innhold

Regjeringa vil heller ha høg pumpepris enn høgare rente

Noreg har nest dyrast drivstoff i heile verda, men regjeringa har rekna ut at det ikkje løner seg å redusere vegbruksavgifta eller CO₂-avgifta.

bensinpris steinkjer

INGEN TILTAK: Tysdag morgon vart avtalen om revidert budsjett lagt fram. Avtalen inneheldt ingen tiltak mot drivstoffprisane.

Foto: Tariq Alisubh

Tysdag morgon vart avtalen om revidert budsjett lagt fram. Avtalen inneheldt ingen tiltak mot drivstoffprisane.

Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Eigil Knutsen, seier til NRK at høgare rente er «skumlare» og ein «dobbelt så stor» økonomisk belastning for den norske gjennomsnittsfamilien som høge drivstoffprisar.

– Å avvikle vegbruksavgifta og CO₂-avgifta kan gi ein familie ei årleg innsparing på 6000–7000 kroner. Til samanlikning vil ein renteauke på 0,5 prosentpoeng gje 13.000 kroner i auka rentekostnader til ein hushald med 3,4 millionar i lån, seier han.

Til grunn legg han ein årleg køyrelengde på 15.000 kilometer og eit drivstofforbruk på 0,06 liter per kilometer (sjå faktaboks for detaljar).

Søndag melde fleire medium at Noreg har «verdas nest dyraste bensin», berre slått av Hongkong.

På same tid har «halve Europa» sett ned drivstoffavgiftene, men ikkje Noreg.

– Det vil auke risikoen for høgare renter, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

I eit skriftleg svar til Stortinget skriv han at reduserte avgifter vil «forsterke lønns- og prispresset i økonomien lenger fram».

– Det er den store trusselen for dei fleste i Noreg i dag, seier han.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Debatten med Fredrik Solvang 3. mai.

FØRRE EKSEMPEL: - Å sette ned drivstoffavgiftene vil auke risikoen for høgare renter, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Foto: Debatten / NRK

Høgaste prisvekst sidan 1988

Fleire økonomar NRK har snakka med gir støtte til resonnementet om at avgiftskutt bidreg til høgare renter (sjå faktaboks).

På same tid er det også stemmer som seier at ei tenkt «bensinstøtte» kan dempe prisstiginga.

– Det er ingen som kjøper noko som helst utan at transport er involvert. Så lågare transportutgifter vil vere eit bra tiltak for å redusere kostnadsutviklinga, seier Tore Wallestad, som er dagleg leiar i Tenden Transport i Stryn i Nordfjord.

– Kraftige avgiftskutt ville hjelpt folk i ei tid der alt blir dyrare, seier Ingunn Handagard i NAF.

I mai var konsumprisindeksen 5,7 prosent høgare enn for eitt år sidan. Det er den høgaste prisveksten over 12 månader sidan 1988.

– Lågare prisar reduserer presset mot renta

I siste utgåve av Pengepolitisk rapport skriv Noregs Bank at straumstøtta «dempar oppgangen i prisane hushalda står overfor, og bidreg til å dempe lønnsveksten».

Frp-leiar Sylvi Listhaug argumenterer for at ein «bensinstøtte» vil ha same effekt som straumstøtta:

– Ein reduksjon i drivstoffavgiftene vil gi lågare prisar og redusere rentepresset, seier ho.

Ho deltok i Politisk kvarter tysdag morgon, og legg til at andre europeiske land «har teke seg råd til å hjelpe folk sjølv om også dei har press på renta».

Til det seier Ola Honningdal Grytten, professor ved NHH, at Noreg ikkje har «rom for avgiftslette på same måte som andre land, der staten spyttar langt mindre inn i økonomien».

Samsending med P2.

Frp-leiar Sylvi Listhaug argumenterer for at ein «bensinstøtte» vil redusere presset mot renta.

– Rimelegare drivstoff, utan å auke kjøpekrafta

Professor i samfunnsøkonomi ved NHH, Frode Steen, seier samanlikninga mellom bensinstøtte og straumstøtte haltar fordi sistnemnde «har ein viss sosial profil», medan reduserte drivstoffavgifter treffer flatt.

– I utgangspunktet vil reduserte avgifter føre til lågare drivstoffprisar, og isolert sett redusere inflasjonen. Men så er spørsmålet om avgiftsreduksjonen på kort sikt aukar kjøpekrafta, slik at presset i norsk økonomi blir større. Då har vi berre gjort drivstoff relativt rimelegare, utan å auke kjøpekrafta, seier han.

I revidert budsjett bruker Støre-regjeringa 352 milliardar «oljekroner» (2,9 prosent av verdien til oljefondet). Det er 30 milliardar kroner meir enn dei la opp til i det opphavlege (ikkje-reviderte) budsjettet frå oktober.

Handlingsregelen er eit sjølvpålagd tak som seier at vi berre skal bruke 3 prosent av fondet over tid.

Revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram i Stortinget.

PRESSEKONFERANSE: Kari Elisabeth Kaski (SV), Eigil Knutsen (Ap) og Geir Pollestad (Sp) held pressekonferanse om revidert nasjonalbudsjett i Vandrehallen i Stortinget tysdag morgon.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Renta kan bli sett raskare

– Eg forstår godt at mange etterlyser avgiftslette på drivstoff. Eg fryktar likevel at ein avgiftsreduksjon kan bidra til at Noregs Bank må auke rentene raskare og kraftigare enn dei tidlegare har kommunisert, seier Cecilie Tvetenstrand, som er forbrukarøkonom i Storebrand.

«Blir det utsikter til meir varig høg prisvekst, kan renta bli sett raskare opp enn renteprognosen i førre pengepolitiske rapport tilseier», kommuniserte Sentralbanken då dei varsla renteheving i mai.

– Det sentralbanken først og fremst vil slå ned på er eit underliggjande prispress som er høgare enn venta, seier sjeføkonom i Handelsbanken, Kari Due-Andresen.

Ho legg til:

– Eingongsutbetalingar frå staten vil ikkje nødvendigvis bidra til dette. Men dersom utbetalingane held fram og staten aukar pengebruken, så kan det bidra til høgare rente.

– Vi kan ikkje rekne med evig låg rente

Sjefanalytikar i Nordea, Thina M. Saltvedt, minner om at nordmenn flest bruker ein liten del av lønninga på mat og drivstoff.

– Vi må hugse på at det er mange som har mykje større problem enn det vi har i Noreg no under denne energi-, drivstoff og matvarekrisa. Vi har hatt ein lang periode med låge energiprisar og låge renter, vi kan ikkje rekne med at det skal vare evig, seier ho.