Ørland kommune er Noregs kandidat til Europarådets landskapspris

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Ørland kommune sin breie lokale forankring av Rusaset-prosjektet og forvaltinga av Austrått utvalde kulturlandskap gjorde at dei er vald som Noregs deltakar til prisen for 2022-2023.

– Ørland kommune har hatt ei aktiv rolle i å rekonstruere Rusasetvatnet som del av kulturlandskapet kring Austrått. Dette er til nytte både for fugle- og dyreliv og lokalbefolkninga. Kulturlandskapet har stor verdi for mange som rekreasjonsområde, ikkje minst for born og unge gjennom naturleik og friluftsundervisning, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Ruasetvatn etter restaurering
Planlagt nytt Ruasetvatn etter restaurering Foto: Statsforvalteren i Trøndelag

Europarådet deler annakvart år ut landskapsprisen til eit prosjekt eller tiltak som er eit godt døme på praktisk handling frå ein kommune, fylkeskommune eller frivillig organisasjon. Tiltaket skal betre folks levekår og auka medvitet om landskapsverdiane.

Kommunal- og distriktsdepartementet skal no saman med Ørland kommune og statsforvaltaren i Trøndelag utarbeide ein presentasjon på engelsk av Rusaset-prosjektet og Austråttlandskapet. Denne skal sendast til juryen i Europarådet. Avgjerda om kven som får prisen er venta hausten 2023.

– Eg meiner at Ørland kommune med Rusaset-prosjektet og Austråttlandskapet er eit svært godt val som Noregs deltakar i 2022-2023, seier Gjelsvik.

Om prisen

Noreg kan, som eit av landa som har slutta seg til Europarådets landskapskonvensjon, sende ein kandidat til denne prisa. Det er ei breitt samansett landskapsgruppe, der fleire departement og direktorat deltek, som avgjer kven av dei føreslegne kandidatane som skal representere Noreg.

Les meir om Europarådets landskapspris.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no