Tilsynskalender for samordning av planlagde statlege tilsynsaktivitetar

Frå 2020 skal statsforvaltarane og fleire andre statlege tilsynsetatar ta i bruk ein felles nasjonal tilsynskalender for tilsyna deira med kommunar og fylkeskommunar.

Den nye kommunelova stiller tydelege krav til statsforvaltaren si oppgåve med å samordne det statlege tilsynet. Tilsynskalenderen vil være eit praktisk verktøy for samordning av tilsyn som skal brukast av statsforvaltaren, fleire andre statlege tilsynsmyndigheiter, kommunar og fylkeskommunar. 

Gjennom tilsynskalenderen vil statsforvaltaren få ei samla oversikt over tilsynsetatane sine planlagde tilsyn i fylket, og på den måten lettare kunne samordne desse. Kommunane og fylkeskommunane vil gjennom tilsynskalenderen få ei oversikt over planlagde tilsynsaktivitetar som gjeld dei. Tilsynskalenderen vil vidare vere eit verktøy i dialogen som skal vere mellom statsforvaltaren og kommune og fylkeskommune i samband med planlagde tilsyn.

Formålet med tilsynskalenderen

Formålet med tilsynskalenderen er å legge til rette for samordning av statlege tilsyn med kommunar og fylkeskommunar slik det følgjer av ny kommunelov § 30-6 og 30-7. Tilsynskalenderen vil vere det viktigaste verktøyet i samordningsarbeidet etter kommunelova.

Tilsynskalenderen vil i 2020 gradvis fyllast med innhald, og vil frå 2021 kunne gi oversikt over alle planlagde tilsynsaktivitetar. I løpet av våren 2020 vil det komme på plass ein modul for at kontrollutvalssekretariata kan legge inn informasjon om sine planlagde og gjennomførte forvaltningsrevisjonar. Dei statlege tilsynsetatane får med dette også oversikt over kommunane sine forvaltningsrevisjonar. Tilsynskalenderen som verktøy vil kunne medverke til å auke kjennskapen til tilsyn og forvaltningsrevisjonar på tvers av etatane.

Tilsynskalenderen er utvikla av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Fylkesmennenes fellesadministrasjon på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.