Ny, utsett og særskild eksamen (NUS-eksamen)

Her finn du informasjon om eksamensform, tidspunkt for avlegging og føring av dokumentasjon.

Ny eksamen

Elevar i vidaregåande opplæring som får karakteren 1 ved ordinær eksamen har rett til ein ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen.

Eleven skal då ta eksamen i den same fagkoden.

Utsett eksamen

Elevar eller privatistar i vidaregåande opplæring som har dokumentert fråvær ved eksamen (ordinær eksamen, særskild eksamen, ny eksamen eller utsett eksamen) har rett til å ta første etterfølgjande eksamen.

Ved utsett eksamen i eit trekkfag, skal trekking av fag gjerast på nytt. Det kan til dømes resultere i at eleven blir trekt i det same faget, men i ei anna eksamensform.

Særskild eksamen

Elevar i vidaregåande opplæring som har fått karakteren 1 i standpunktkarakter og ikkje blir trekt ut til eksamen i faget, har rett til særskild eksamen i faget.

Ved særskild eksamen gjeld følgjande:

  • I fag der det er éin standpunktkarakter og to moglege eksamensformer (som til dømes for matematikk 1T og engelsk vg1) skal det trekkjast til særskild eksamen (skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk).
  • I fag med éi eksamensform per standpunktkarakter (som til dømes norsk sidemål skriftleg eller framandspråk munnleg), skal det ikkje trekkjast, men eksamen skal haldast i den delen av faget som eleven har fått karakteren 1 i standpunkt.

Retten til særskild eksamen gjeld i alle fag, også fag som ikkje har ei eksamensordning for elevar.

Eksamen eller trekk

Det er fastsett i læreplanen for dei ulike faga om det er obligatorisk eksamen eller om elevane skal trekkjast ut til eksamen.

Tidspunkt for avlegging av NUS-eksamen

Dersom eleven eller privatisten oppfyller vilkåra for ny eksamen, har hen rett til å gå opp til første etterfølgjande eksamen. Når dette er, vil avhenge av kva som er fastsett av Utdanningsdirektoratet for sentralt gitt eksamen og av fylkeskommunen for lokalt gitt eksamen.

Ver merksam på at det berre er mogleg å gjennomføre skriftleg eksamen i Udirs eksamenssystem i eksamensperiodane i mai/juni og november. Dette gjeld både lokalt og sentralt gitte skriftlege eksamenar.

Sommarskole

Fylkeskommunen kan velje å tilby sommarskole med følgjande munnleg eller munnleg-praktisk lokalt gitt eksamen. Elevar med rett til ny eksamen kan gå opp til denne eksamen.

Elevar med rett til særskild eksamen i eit fag kan gå opp til eksamen etter sommarskole dersom dei blir trekte til munnleg eller munnleg-praktisk lokalt gitt eksamen. I fag der eksamensforma både er sentralt gitt og lokalt gitt, t.d. 1P og 1P-Y, kan det bety at berre nokre av elevane får teke eksamen rett etter sommarskolen.

Eleven avgjer om hen vil gå opp til eksamen i tilknyting til sommarskolen eller seinare same semester, det vil seie samtidig med privatistar og andre elevar.

Føring av dokumentasjon

For alle eksamenar gjeld at «ny» eksamenskarakter blir påført vitnemålet/kompetansebeviset etterfølgjande semester. Det betyr at dersom ein elev får karakteren 1 i standpunkt til våreksamen, og eleven tek særskild eksamen på sommaren, skal den nye karakteren påførast dokumentasjonen etterfølgjande haust.

I fag med fleire standpunktkarakterar, til dømes norsk, vil det berre vere standpunktkarakteren i den delen av faget eleven har stroke i til eksamen, som blir stroken. Dette inneber til dømes at ein elev som ved ny eksamen får karakteren 1 i skriftleg sidemål, ikkje vil få standpunktkarakteren i skriftleg sidemål på eit vitnemål dersom eleven seinare består eksamen som privatist. Standpunkt- og eksamenskarakterane i hovudmål og munnleg vil bli ståande.

Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen og utsett eksamen på førstegongsvitnemål, men dette gjeld ikkje for ny eksamen. NUS-eksamen skal takast etterfølgjande semester, fordi han gir rett til førstegongsvitnemål sjølv om eksamen ikkje er teken innan normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanverket.