Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland

Klima- og miljøprisen for landbruket skal delast ut for andre gong i 2024. Fristen for å nominere kandidatar gjekk ut 11. mars.

Prisen er på 30 000 kr, og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald. 

Kven kan få prisen?

Gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder og FoU-verksemder, lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats kan få prisen.

Alle kan nominere kandidatar.

Løfte fram og synleggjere god innsats

Prisen vert delt ut annakvart år og er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvalteren i Vestland. Målet er å auka merksemda og kunnskapen om gode klima- og miljøtiltak i landbruket. Saman ønskjer vi å løfte fram gode døme og motivere til vidare innsats.

Døme på god innsats kan mellom anna vere

  • arbeid med karbonbinding
  • reduksjon av klimagassutslepp
  • klimatilpassing
  • målretta arbeid med jord og skog
  • forbetring av vasskvalitet
  • gjenvinning og reduksjon av avfall
  • styrking av naturmangfald

Ein breitt samansett jury skal vurdere dei nominerte kandidatane. Juryen skal hente inn ytterlegare dokumentasjon om det er naudsynt og kåre ein vinnar av prisen. Hovudutval for næring og hovudutval for kultur, idrett og integrering vert informerte om vinnaren av prisen.

Juryen består av representantar frå

  • Vestland fylkeskommune, avdeling for innovasjon og næringsutvikling, seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv
  • Vestland fylkeskommune, avdeling for innovasjon og næringsutvikling, seksjon for grøn vekst, klima og energi
  • Statsforvaltaren i Vestland, landbruksavdelinga
  • Statsforvaltaren i Vestland, miljøavdelinga
  • Vestland bondelag
  • Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og Hordaland bonde- og småbrukarlag – ein felles representant
  • Ein ekstern representant med fagleg kompetanse på området